Galleri Grindbakken, Stathelle

11. september-16. oktober

Utstilling: Borghild Telnes – Ein skog av trådar, tolkningar i tekst, teikn og tråd

Treet og rota, kvisten og lauvet, elva og vatnet, frøet og blomen, tråden og knuten knyt saman eit landskap der små repetative element vert ein heilskap. Borghild Telnes knyter i denne utstillinga saman nyskrivne tekstar av diktaren Kristine Søgne med trådarbeid, kalligrafi og trykk.

I 2020 fekk Borghild Telnes Telemark fylke sitt Stipend for husflid og handverk og arbeida som vert viste her har i hovudsak blitt til i stipendperioden der ho arbeidde med telemarksbinding i kombinasjon med andre kunstuttrykk. Knutar, samanbindingar, bundne former, tekstar og teikn lagar ulike biletrom eller landskap der små repetative element blir til ein heilskap. Repitisjonar og det meditative som ligg i det langsame handverket spinn trådar attende i tid ved å ta vare på ein gamal teknikk og bruke strofer frå gamle folkevier og skaper framtidstrådar med teikning, trykk, skrift og ny poesi. Kontrasta mellom kvite trådarbeid og svarte teikningar lagar ei slags spegelvending av uttrykket. Bindingsteknikken er i hovudsak bruka på kvite tekstilar som vart brukte ved dei store høgtidene i livet. Skaut, tørklede og forklede er plagg som vart pryda med telemarksbinding. Desse tekstilane fortel om det reine og uskuldige samstundes er dei ei slags maske som skjuler eller vernar oss.

Festivalkro og filmvisning

Porsgrunn kunstforening står bak kveldens visning av Thor Sivertsens animerte kortfilm Pulsator (2019) med musikk av Motorpsycho. Pulsator består eksperimentelle, abstrakte bilder. Organiske former og

Les mer…