DRYSS 2
Damascene-handverket har vore eit sentralt tema opp gjennom heile kunstnarskapen og i slike arbeid søkjer kunstnaren å skape ein kontemplativ og enkel struktur der bruk av edle og uedle metall i kombinasjon kan gje spenning i uttrykket både symbolsk og assosiativt.
Busett i kanten av ei utmark med lauvskog og myrar, kjenner han seg privilegert. Vissa om å vere ein del av ein sivilisasjon og kultur som på mange vis er lausriven frå naturen er ei kjelde til uro. Den er der som ei usynleg grense mellom menneske og natur. Kva gjensvar kan mennesket vente å få når det ser seg som herre og alle tings mål i denne verda?
I utstillinga visest eit korpusarbeid i stål med innlagt sølv. Eit stort tal tynne sølvtrådar er møysommeleg hamra inn i utmeisla spor i stålet. Som ei gjentaking, ei rituell handling. Han let noko av det blanke bli tilslørt med rust, der er sterke energiar og drifter i det òg. Men ikkje alt skal ruste. Noko blankt skal vere att og skine. Kanskje som lys i blafrande lauvverk.
Ei livskjensle, ei meditativ vandring uttrykt i materiala.
Kjell Gunnar Overøye (1964) bur og arbeider i Sykkylven i Møre og Romsdal. Han studerte ved Statens handverks- og kunstindustriskole, Oslo, institutt for metall, uteksaminert med Diplom 1989. Overøye har stilt ut separat ved mellom anna Khåk kunsthall, Ålesund (2018), Møre og Romsdal kunstsenter, Molde og Grimstad kunstforeining. Av kollektivutstillingar kan nemnast Årsutstillinga, Norske kunsthåndverkere ved Nordnorsk kunstmuseum i Tromsø (2020), «Nytt liv i Sommerveita» NK- Midt-Norge, Trondheim (2020), Romsdalsmuseet, Molde og Cylindra Gallery, Sykkylven. Overøye har utført oppdrag/offentlege utsmykking for Ålesund og Volda sjukehus, Sykkylven kommune og ei rekkje kyrkjer i Norge. Verk av Overøye er innkjøpt til kunstmuseet KUBE, Ålesund (2021) og Oslo kommunes kunstsamling (2020). Han har mottatt Statens arbeidsstipend og Møre og Romsdal fylkes kunstnarstipend.



